Annonse

I det daglege køyrer eg ein godt brukt Kewet som har minst 150 000 km på vegen. Så fekk eg prøva ein Ampera.

Keweten er frå 1994 og bærer preg av  å vera ein tidleg modell av køyretøyet, som har køyrt langt.  Eg har køyrt han sidan 1998.  Bilen har for tida ei rekkevidde på om lag 40 til 50 km, og er for meg blitt eit prosjekt for å undersøka kor mange kilometer ein slik doning tåler.  Og bilen går greit fortsatt. Dette er, for ein stor del, min elbilbakgrunn.

Og så tilbake til Amperaen.  Køyremessig har denne bilen fått mykje skryt, og det er det gode grunnar til.  Han oppfører seg presist i alle situasjonar.  Bilen er kvikk i akselerasjonen og er heller ingen sinke i trafikken.

Bilen er ein såkalla parallellhybrid.  Det vil seie at ein alltid kjører på straum.  Men dersom han har for lite straum med seg så startar eit bensinaggregat. Og vips så har ein same rekkevidde som ein bensinbil.  Og, det må nevnast, langt på veg same forbruket.

Rekkeviddeindikatoren på mitt eksemplar viste 60 kilometer då eg overtok bilen.

Kompis tok førarsetet

Eg stakk innom elbilkompisen min og viste fram lånet. Som gammal bilmekanikar og sidan gjennomført  sivilingeniørutdanning i sine vaksne dagar så var han ikkje vanskeleg å be med på prøvetur.

Det første som skjedde var eg eg måtte ta til takke med passasjersetet.  Han tok eit raskt blikk på instrumentpanelet og nikka anerkjennande.  Her var det mykje god info å henta.

blogg-20140424-ampera 2 800

Det han var mest spent på var korleis bilen oppførte seg ved overgang frå el- til bensindrift.  Kursen blei umiddelbart lagt i retning av Holmenkollåsen.

Men ikkje før hadde han satt bilen i gang så kom første melding: «Det var slik som dette bilar skulle gjerast.»  Han var imponert over den trinnlause og kjappe akselerasjonen som bilen viste og den gode måten bilen kjørte på og gav tilbakemeldingar til føraren.  Her var det «plug and play» på ein god måte og det for alle pengane.  Og bilen klatra lett opp til den siste p-plassen på åsen.

Strekninga frå Oslogate via Nordbergveien og opp til toppen på Holmenkollåsen gjekk utan at bensinmotoren starta.  Me lot oss imponera.

Litt for enkel grønnvasking?

Skulle me ha gått på skogstur i Marka så kunne bilen ha blitt satt til lading, for ledig ladestolpe var det.  Men denne dagen så var det køyring som stod på programmet.  Me forsøkte å forhindra bilen i å starta bensinmotoren på vegen ned for å kunna regenerera mest mogleg, men her overstyrte systemet oss.  Ikkje noko poeng, men det kunne ha vore spanande å ha sett kor effektiv regenereringa var.

Uansett, bensinmotoren lada batteriet opp til 50%.  Ein fornøyeleg gimmick var lagt inn i fargesettinga på batterimålaren.  Køyrde ein på straum frå nettet så var lyset i målaren grønt.  Køyrde ein derimot på straum frå bensinmotoren var fargen meir som fargen i ein skitten sølepytt.

Dersom ein i den siste situasjonen stoppa bilen, for så å starta han på nytt så var den «skitne» straumen blitt grønvaska og lyset i batterimålaren var på nytt grønt. Litt enkel grønnvasking?

Brukarar må vere sterke i trua

Men her er eg ved poenget med denne epistelen.  Dette er ein bil som krev sjølvdisiplin.   Skal bilen køyrast miljøvenleg så må han som alle andre bilar som kan gå på straum; ladast!  Men til forskjell frå ein rein batteribil så vil ikkje denne stoppa når ein slepp opp for straum.  Han startar berre den medbrakte generatoren.

Her kjem den menneskelege faktoren inn.  Den kan stort sett opp summerast på denne måten: «Det eg skal gjere no, er så mykje viktigare enn at eg kan køyra på straum neste gong eg skal ut».

Og korleis det no enn er, så vil eg ikkje bli straffa med at batteriet går tomt, for det ordnar bilen sjølv med litt bensin.  Uansett kan eg tru på at eg huskar å setta bilen på lading litt seinare, til dømes etter middagen eller etter klesvasken. Her gjeld det å vera sterk i trua, for det som ikkje blir gjort med ein gong i slike samanhengar, blir stort sett ikkje gjort.

Nederlendarane har testa dette for oss.  Det er omtalt i denne artikkelen i Teknisk Ukeblad.

Induksjon er løysinga

Den nederlandske undersøkinga lovar ikkje godt med tanke på å redusera utsleppet med denne bilen.  Undersøkinga viser eit utslepp på 110 gram CO2 pr. kjørte kilometer.  Ved lading heime kvar dag, så burde i det minste forbruket nærma seg 60 g. CO2.  Det er jo dette som er bilens potensial i praksis, dersom ein ikkje også kan lada der ein arbeider.

Er det mogleg å gjera noko som kompensera for denne skrøpelige menneskelege faktoren?  Ja, eg trur det.

Det er lenge blitt arbeida med induksjonslading.  På den siste internasjonale bilmessa (EVS27) i Barcelona i fjor haust, var det fleire produsentar som hadde gode konsept på denne teknologien.  Dette er noko Opel bør sjå på når neste gjennomgang skal gjerast av bilen.

blogg-20140424-ampera 3 800

Ei lita kabelmatte – 2 kw er tilstrekkeleg –  som kan leggast på garasjegolvet eller i garasjegolvet, og som bilen blir parkert over når han blir parkert heime.  Dette blir ei vidareutvikling av denne «plug and play»-tankegangen som ellers pregar bilen så godt.  Og så lenge kabelmatta i bilen og kabelmatta i garasjen klarar å finna kvarandre, så går ladinga av seg sjølv og bilføraren kan fokusera på det bilførarar plar å fokusera på når dei kjem heim.

Konsekvens? Bilen vil alltid vera klar til å køyra på el på neste tur.

Ynskjer rein elutgåve

Forøvrig så synes bilen å vera i den storleiken som ein kan venta at tredje bil frå Tesla vil ha.  Dersom Opel ynskjer å konkurrera med Tesla og å delta i den teknologiendringa som særleg har starta i Noreg, og som ein ser spiren av i fleire land, så meiner eg at dei bør vurdera ei rein elutgåve av Amperaen. Altså det same som BMW har gjort med sin i3.

Ein rein El-Ampera med ei rekkevidde på rundt 300 km – med induksjonslading – vil vekka interessa for Opel på nytt og serleg dersom dei klarer å levera før Tesla.  Og Ampera er eit svært godt utgangspunkt for ein slik bil.

Uavhengig av induksjonslading, så må ein slik bil også kunna ladast på konvensjonelt vis.  Ladematte vil jo ikkje finnast over alt.

Kva med dagens bil?  Den falt i min smak!  Flott å sjå på, nydeleg å køyra, men kanskje litt dyr med tanke på at den berre har fire seter og ikkje kan dra hengar.  Men kor ofte treng ein fleire seter eller hengar?  Dersom alternativet er to bilar dersom ein vil køyra på straum lokalt, så kan dette vera eit godt val.

Ikkje skyld på lågt blodsukker

Men det er eit par forhold ein må ta omsyn til med denne bilen.  Ein bør vera av den konsekvente typen og særleg bør ein evna å vera konsekvent med seg sjølv.  For skal ein køyra rimeleg, så må ladinga gjerast straks du parkerer og ser ein stikkontakt.  Og i alle høve når du kjem heim.  Då er orsakingar som lågt blodsukker, telefonar som kimer eller masete barn ugyldige.

Bilen må i pluggen, tvert!

I tillegg så bør dagleg kjørelengde ligga innanfor bilen si eletriske rekkevidde.  Kan du lada på arbeid kan køyrelengda forlengast tilsvarande som første kjøretur.  I tillegg så må ein ta med i vurderinga at dette er ein bil som truleg aldri vil sleppa unna bompengar og liknande.

Då er det berre ein ting som gjenstår: God tur!

Les også