Fersk analyse av det globale nybilsalet:
1 av 5 nye bilar i verda er elbilar

ELBILAR VINN TERRENG: Her frå dei sveitsiske alper. Elbilandelen i nybilsalet Sveits er så langt på 21,1 prosent. Ford Mustang Mach-E ligg ikkje lenger på salstoppen i Europa, men i USA er bilen den fjerde mest selde elbilen i landet. Foto: Jamieson Pothecary /elbil.no

I tredje kvartal i år endte elbilandelen i nybilsalet globalt på 21 prosent, skriv PwC i ein rapport.

PwC har i rapporten analysert bilsalet i ei rekke marknadar verda over.

I tredje kvartal i år var veksten i salet av elbilar på heile 35 prosent samanlikna med same periode i fjor.

Elbil vinn over ladbare hybridar i Kina

Kina står for to tredeler av det globale elbilsalet, og det vart registrert over to millionar nye kinesiske elbilar i tredje kvartal.

Veksten i elbilsal frå same tid i fjor var der enda høgare enn globalt, og i Kina går auken i elbilsal særleg på bekostning av ladbare hybridar, der salet gjekk ned med 6 prosent.

Elbilandelen i tredje kvartal endte på 34 prosent. Elbilar dominerer særleg i dei rimelege bilsegmenta, medan bilar med forbrenningsmotor i større grad dominerer i dyrare bilsegment, skriv PwC i rapporten.

Bli medlem i dag!

Av andre land i Asia: Sør-Korea endte med 18 prosent elbilandel i nybilsalet i tredje kvartal. I Japan, derimot, er elbilandelen forsvinnande liten.

Ser ein på året som heilskap finn ein at elbilandelen i nybilsalet i Indonesia ligg på heile 12,8 prosent, i India på 4,3 prosent og i Tyrkia på 17,8 prosent.

Mest populære elbilar i nybilsalet i Kina:

  1. Geely (Geome) Xingyuan
  2. Tesla Model Y
  3. Wuling Hongguang Mini EV
  4. BYD Seagull
  5. Xiaomi SU7
  6. Tesla Model 3
  7. XPeng Mona M03
  8. BYD Yuan Up
  9. Geely Panda
  10. Changan Lumin

Salstoppen er basert på nye elbilar 1.-3. kvartal 2025.

USA handlar elbil før skattefordel forsvinn

Salget av elbilar i USA auka med 22 prosent i tredje kvartal 2025 sammenlignet med samme periode året før.

Forklaringa er ifølgje PwC at forbrukarane skunda å nytte seg av skattefradraget på opptil 7500 dollar før det forsvann i slutten av september.

Marknadsandelen for elbilar i nybilsalet i USA nådde 10 prosent for fyrste gong i eitt kvartal.

Mest populære elbilar i nybilsalet i USA:

  1. Tesla Model Y
  2. Tesla Model 3
  3. Chevrolet Equinox
  4. Ford Mustang Mach-E
  5. Hyundai IONIQ 5
  6. HOnda Prologue
  7. Ford F-150 Lightning
  8. VW ID. 4
  9. Chevrolet Blazer
  10. Rivian R1S

Salstoppen er basert på nye elbilar 1.-3. kvartal 2025.

Auka elbilandel i Tyskland, Storbritannia og Frankrike

I Europa gjorde elbilsalet det særleg sterkt i Tyskland i tredje kvartal, ein trend som har heldt seg gjennom heile 2025. Det vart seld 45 prosent fleire elbilar i Tyskland enn same periode året før.

Elbilandelen i nybilsalet er likevel høgare i Storbritannia, og dei slår også Frankrike.

I Storbritannia er elbilandelen i nybilsalet så langt i år er 22,1 prosent, i Frankrike 18,2 prosent og i Tyskland 18,1 prosent.

Storbritannia har ein aktiv politikk for å fremme elbil (ZEV Mandate), noko som kan forklare leiartrøya over dei andre store landa i regionen.

Ellers er det store variasjonar mellom land. I Spania er elbilandelen på 8,4 prosent så langt i år, i Belgia er same tal 33,4 prosent, i Finland 35,6 prosent og i Portugal på 21,4 prosent.

I Europa ligg Noreg på topp med 97 prosent elbilandel i tredje kvartal etterfulgt av Danmark på 70 prosent.

Mest populære elbilar i nybilsalet i Europa:

  1. Tesla Model Y
  2. Renault 5
  3. VW ID3
  4. VW ID.4, ID.5
  5. VW ID.7
  6. Citroen e-C3
  7. Skoda Elroq
  8. Skoda Enyaq
  9. BMW iX1
  10. Tesla Model 3

Salstoppen er basert på nye elbilar 1.-3. kvartal 2025.

Mer som dette?

Meld deg på vårt nyhetsbrev
– få elbilstoff rett inn i innboksen!

Les også