Hopp til innhold

Miljødirektoratet i ny rapport: Elektriske lastebilar gjev størst utsleppskutt i transportsektoren

STORT, STORT POTENSIAL: Elektriske lastebilar, her representert ved Scanias nye el-lastebil hjå Asko i Vestby. Blir dette eit vanleg syn framover, vil vi kutte mykje utslepp. Foto: Asko

Det aller største utsleppskuttet i transportsektoren kan lastebilane stå for, men då må det nye verkemiddel til, konkluderer klimaekspertane til staten.

Denne veka lanserte direktoratet rapporten «Klimatiltak i Noreg – kunnskapsgrunnlag 2024«, som viser tiltak som vil redusere utslepp av klimagassar frå alle sektorar fram mot 2035.

Eit breitt spekter av verkemiddel må raskt på plass for å få utløyst utsleppskutta. Tiltaka kan saman med gjeldande politikk redusere utsleppa med over 60 prosent samanlikna med 1990-tala.

Tilgang på fornybar energi er ein føresetnad for nå klimamåla – både globalt og i Noreg. Energieffektivisering er viktig, men ikkje tilstrekkeleg.

Transportsektoren kan redusere mykje

I Noreg har industrien det aller største potensialet for utsleppskutt, men utsleppskutt er mogleg og naudsynt i alle sektorar, konkluderer rapporten.

Figuren under viser utslepp i 2022, og gjenverande utslepp i 2035, gitt at alle tiltak i analysen til Miljødirektoratet blir gjennomførte:

Framleis satsing på elektrifisering av transportsektoren er også sentralt for å sikre utsleppskutt framover.

Rapporten konkluderer med at dersom Noreg gjennomfører «lastebiltiltaket», der alle nye lastebilar er nullutslepp eller går på biogass i 2030, så vil det være det største enkelttiltaket for utsleppskutt i transportsektoren.

Det vil åleine kunne kutte omtrent 1,5 millionar tonn CO2 i 2035.

I Nasjonal transportplan for 2025-2036 (NTP) er det mellom anna føreslått ein tungbilpakke som er eit godt steg i rett retning, skriv rapporten.

Det har elbil.no skrive om her:

Regjeringen med egen tungbil-pakke i Nasjonal transportplan:

Tung, elektrisk seier

Analysen til Miljødirektoratet peikar på fleire verkemiddel som kan spele saman med denne satsinga for å kunne nå målet Stortinget har vedteke om at alle nye lastebilar er nullutslepp eller går på biogass i 2030.

Samtstundes fekk Enova meir pengar for å satse på nullutslepps-lastebilar.

Direktoratet viser også til at Stortinget no har bestilt ei verkemiddelpakke for å nå dette målet.

Rapporten peiker på følgjande verkemiddel for å elektrifisere lastebilane:

Det siste kulepunktet har regjeringa allereie foreslått for Stortinget i den nye nasjonale transportplanen som skal handsamast før sommaren.

På litt lengre sikt peikar rapporten på to andre verkemiddel:

I dag er om lag 1100 av 65.000 lastebilar i Noreg elektriske, og i nybilsalet i 2023 var 12 prosent av nye lastebilar elektriske.

Flesteparten av desse er mindre lastebilar under 16 tonn.

Miljødirektoratet peikar på at for aktørane er det viktig at verkemidla er forutsigbare – ikkje minst med tanke på varighet.

Kva så med elektrifisering av personbilane?

Dei inngår i all hovedsak allerede i framskrivinga av korleis utsleppa vil gå ned. At elbilane dominerer meir og meir, tek altså rapporten for gitt og vurderer ikkje som eit «nytt» kutt. For då ville dei elektriske personbilane vore det største klimatiltaket i transportsektoren.

Først i verden med elektrisk brøyting av fjellovergang:

Marthe holdt Dovrefjell åpent med denne el-doningen

Treng nasjonal omstilling og kutt i Noreg

Direktør for Miljødirektoratet, Ellen Hambro, peikar på at tida for å kutte utslepp er knapp.

Til no har kjøp av utsleppsreduksjonar i andre land vore eit rimeleg alternativ, men denne strategien har gitt lite nasjonal omstilling:

– Framover skal alle land skjerpe klimamåla sine og kutte utslepp. Det kan bli både dyrt og vanskeleg å få kjøpt utsleppskutt frå andre land. Den nye rapporten vår viser korleis vi kan kutte utslepp av klimagassar nasjonalt, og bidra til nødvendig omstilling her heime, seier Hambro.

Norske utslepp av klimagassar er til no reduserte med under fem prosent sidan 1990. Med dagens politikk er utsleppa forventa å bli redusert med 27 prosent i 2035.

– Tiltaka i analysen vår gir 63 prosent kutt i Noregs utslepp av klimagassar. Klarer vi det, har vi kome eit godt stykke på veg til å bli eit lågutsleppssamfunn, seier Hambro.

Hold deg oppdatert på medlemsfordeler

Meld deg på vårt nyhetsbrev
– få elbilstoff og fordeler rett inn i innboksen!

Skal melde inn nytt klimamål til FN

Noreg skal innan februar neste år melde inn eit nytt og forsterka klimamål til FN.

Dette målet vil ha eit lengre tidsperspektiv enn dagens 2030-mål. Klimatiltaka i rapporten til Miljødirektoratet går derfor fram til 2035.

Miljødirektoratet har tidlegare vurdert moglege innretningar og ambisjonsnivå for eit nytt og forsterka klimamål.

Rådet fagekspertane i staten kom med i fjor er at Noreg bør ha som mål å redusere utslepp av klimagassar med minst 80 prosent i 2035. Minst tre firedelar bør kuttast nasjonalt for å sikre omstilling.

Dette skreiv elbil.no om her:

Miljødirektoratet med ny rapport om klimamål for 2035:

Slik bør Norge kutte utslepp det neste tiåret

Ladeklubben, ElbilAppen og den blå ladebrikken

Bli medlem!

Få Norsk elbilforenings ladebrikke som gir deg tilgang til ladestasjoner i Norge og Europa, eksperthjelp på lading og supertilbud på veihjelp. Gjør som over 120 000 andre elbilister!

Les også