Statnett med godt nytt for utbygginga av ladestasjonar framover: No skal ladestasjonar sleppe nett-kø
Statnett varsla i helga at dei endrar definisjonen for vanleg straumforbruk. Det er svært godt nytt for utbygginga av ladestasjonar i åra som kjem.
Konkret varslar Statnett at dei endrar definisjonen for «vanleg straumforbruk» til å gjelde forbruk opp til 5 MW, og med ei energigrense på opp til 20 GWt/år.
Den gamle definisjonen var 1 MW.
Dette betyr i praksis at aktørar som ønsker å tilknytte seg straumnettet slepp å stå i kø så lenge forbruket er under 5 MW.
I denne kategorien finn ein mange planlagde hurtigladestasjonar, både for personbilar og for tungtransport.
Vil utnytte straumnettet betre
Endringa kjem etter at ein fleire stader i landet fekk meldingar om at straumnettet er fullt.
Nettselskapet Lede varsla til dømes tidlegare i år at all tilgjengeleg kapasitet i eksisterande og planlagd nett i Vestfold no var reservert fram til 2035. Etableringar som oversteig 1 MW kunne ikkje rekne med å få plass.
– Vi gjer denne endringa for å utnytte det eksisterande nettet betre, og er overtydde om at det er samfunnsmessig rasjonelt at små og mellomstore kundar unngår å stå i kø bak store industriprosjekt, seier Gunnar Løvås, konserndirektør i Statnett.
Statnett skriv i pressemeldinga at dei har motteke 270 ulike tilknytningssaker mellom 1 MW og 5 MW, og 150 av dess har kome i 2023.
Til saman utgjer sakene om lag 600 MW i forbruk.
Flest ladestasjonar i kø
Om lag 20 av dei 270 sakene ligg i området til nettselskapet Lede.
– Dette er etterlengta, og vi må applaudere Statnett for å ta litt meir risiko for vanleg forbruk. Dette betyr veldig mykje, seier storkundekontakt Thea Øverli i Lede AS.
Ho har ansvaret for å sortere nett-køen i Vestfold og deler av Telemark.
– Det er framleis lang kø for store industriprosjekt i Vestfold og Telemark, men no slepp ladestasjoner, mindre næring og anna vanleg forbruk å stå i same kø, fortel Øverli.
Øverli seier at dei fleste av prosjekta mellom 1 og 5 MW er ladestasjonar for personbilar.
Trur energieffektivisering veg opp for meir straum til lading
Endringa betyr at dei aller fleste næringsaktørar som treng å koble seg til straumnettet no kan gå direkte til det lokale nettselskapet for nettilknytning.
Statnett ventar at endringa vil gje raskare nettilknytning for ein del kundar. I tillegg får ein frigjort tid og kapasitet hjå nettselskapa.
Nettselskapet Elvia, som har lokalnettet for Oslo, Viken og Innlandet, vurderer at sjølv med ei ny grense på 5 MW, vil vanleg straumforbruk ha ei flat utvikling dei neste 10 åra.
Elvia trur at energieffektivisering vil føre til ein nedgang i straumforbruket større enn auka som vil komme som følgje av meir lading av personbilar og lastebilar.
Bli medlem!
Få Norsk elbilforenings ladebrikke som gir deg tilgang til ladestasjoner i Norge og Europa, eksperthjelp på lading og supertilbud på veihjelp. Gjør som over 120 000 andre elbilister!