Elbilforeningen utfordrar samfunnsøkonomar:– På kva side av miljøkampen ønsker dei å stå?

Nok ein gong slaktar ein samfunnsøkonom norsk elbilpolitikk. Det er på overtid at dei forstår kva satsinga eigentleg handlar om.
Innlegget sto først på trykk i Dag og tid 13. mars 2026
I Dag og Tid 6. mars rasar Anders Skonhoft, professor emeritus i samfunnsøkonomi, mot norsk elbilsatsing. Han påstår at verkemiddelbruken er dårleg og at elbilar uansett ikkje er bra for miljøet.
Elbilforeningen og Skonhoft kan vere samde om ein ting: Norge er verdsmeister i elbilsatsing fordi norske politikarar har vald å overhøyre motstemmene frå samfunnsøkonomar.
Vi elbilistar lurer tidvis på om agg mot elbilsatsinga har vorte valfag på institutta for samfunnsøkonomi. Og om ein misliker dette klimatiltaket så mykje: Kva med å forsøke å teikne ein realistisk alternativ visjon for korleis ein kan løyse klimakrisa, heller enn denne evinnelege sytinga.
Norge er verdsmeister i elbilsatsing fordi norske politikarar har vald å overhøyre motstemmene frå samfunnsøkonomar.
Både energiskifte og energisparing
Det grunnleggande først: Hovudårsaka til klimaendringane er utslepp frå forbrenning av fossil energi. Løysinga er overgang til fornybar energi og reduksjon av energibruk.
Forbrenningsmotoren er i stor skala avhengig av fossil energi. Overgang til elbilar gjer det mogleg å nytte alle moglege former for fornybar energi i vegtransporten.
Forbrenningsmotoren er dessutan håplaust energikrevjande. Ein fossilbil bruker om lag tre gonger så mykje energi som ein tilsvarande elbil. Overgang til elbilar er difor energisparing i praksis.
Elbilar er meir energikrevjande å produsere enn fossilbilar, men har likevel mindre klimagassutslepp over livsløpet. Klimarekneskapen går i pluss etter om lag 1,5 år på vegen i Norge.
I alle scenario for vellukka klimaomstilling legg klimaforskarane inn elektrifisering av vegtrafikken i stor skala.
No trur eg eigentleg det verkelege agget til Skonhoft ikkje er retta mot teknologien, men verkemiddelbruken.
Både pisk og gulerot
Ja, Norge har i lang tid nytta heilt eller delvis momsfritak for å kompensere for at elbilar førebels er dyrare å produsere. Men det er jo berre halve historia.
Noreg har også ei høg eingongsavgift på nye fossilbilar, i stor grad rekna ut frå kor store utslepp bilen har. Kjøper du ein ny bil med utslepp i 2026, må du punge ut med fleire hundre tusen i avgift.
Før fekk staten inn milliardar av kroner frå dette, men så verka miljøskattlegginga som ho skulle: Forbrukarane endra åtferda si og slutta å kjøpe bilar som trengde fossilt drivstoff.
Skonhoft framstiller denne åtferdsendringa som eit stort økonomisk tap for staten. I røynda er det ein gigantisk siger. Om alkoholavgiftene gjorde at folk slutta å drikke seg helselause, ville då samfunnsøkonomane skrive rasande lesarinnlegg over at staten fekk inn færre avgiftskroner?
Både ny bil og bruktbil
Skonhoft er også forarga over at elbilpolitikken rettar seg mot «dei rike» som kjøper ny bil. Men det er faktisk umogleg å starte endringa med bruktbilane.
Utan at nybilkjøparane vel elektrisk, vil aldri bruktbilkjøparane kunne velje teknologien i neste omgang.
På lag med fossilbillobbyen?
Skonhoft er økonom. Eg er statsvitar og vil også gje han rett i ein annan ting: Det er god maktanalyse at elbilsatsinga i Norge har kome svært langt fordi vi ikkje har innanlands bilindustri.
Delar av den europeiske bilindustrien køyrer no eit knallhardt lobbyløp i EU med omkamp om miljøkrava dei fekk etter den store dieselskandalen i 2015. Samfunnsøkonomane kan jo stille seg spørsmålet: På kva side i denne miljøkampen ønsker dei å stå?
Elbilsatsinga er noko så sjeldan som eit klimatiltak der folk er nøgde når dei blir ein del av omstillinga. Vi opplever ingen gule vestar i gatene. I lærebøkene mine frå statsvitskap har det stor verdi. Kva med å sette pris på det?



