Hopp til innhold

Ny europeisk rapport: Bilindustrien bør bidra til utslepps­kutt i stål­produksjonen

STORT POTENSIAL FOR UTSLEPPSKUTT: Ein ny rapport meiner bilindustrien bør påleggast bruk av lavkarbon stål. (Biletet er eit illustrasjonsfoto frå Jaguar Land Rover sin bilproduksjon.)

Bilindustrien kan verte leiande i å etterspør lavkarbonstål. Men skal det skje, må europeiske styresmakter stille krav.

Det er konklusjonen i ei ny analyse frå Transport & Environment (T&E).

«Stål laga med grønt hydrogen og lysbueomnar, eller produsert av skrap, kan redusere CO2-utslippene fra produserende biler i Europa med 6,9 millionar tonn i 2030», skriv den europeiske tenketanken i ei pressemelding.

Stålproduksjon har store klimagassutslepp. Produksjonen er i seg sjølv energikrevande og har tradisjonelt har fått kraft og varme frå fossil energi. Men også industriprosessane i seg sjølv slepp ut CO2.

Det er venta at desse utsleppa vil møte strengare reguleringar i tiåra som kjem. Industrien kan møte strengare lovkrav, reduserte utsleppskvotar, eller auka avgifter. Dermed vil det løne seg å ta i bruk utsleppsreduserande teknologi er andre alternativ.

Difor jobbar stålIndustrien med teknologiar som kan kutte utsleppa. Dette arbeidet er ikkje minst viktig for industri som etterspør stål. Det gjer ikkje minst bilindustrien, og mange bilprodusentar har ambisjonar om å kutte klimafotavtrykket sitt kraftig i tiåra som kjem.

Polestar-sjef Thomas Ingenlath:

Lover åpenhet om Polestars klimaavtrykk – men vil snart i null

– Vil ikkje gje mykje dyrare bilar

Men for at stålprodusentar trygt skal kunne investere milliardar av euro i i teknologi for å produsere lavkarbonstål, treng dei pålitelige kundar som dei veit vil etterspør eit grønare produkt enn tradisjonelt stål.

Det er her bilindustrien kan spele ei viktig rolle, meiner Transport & Environment. Europeisk bilindustri brukar for tida 17 prosent av stålet i EU.

– For mindre enn prisen av eit dekkskifte kan Europa bygge ein grøn stålindustri. Ekstrakostnaden vil vere ubetydelig og med tiden vil den bli billigare enn konvensjonelt stål. Men vi treng at styresmaktene startar overgangen til lavkarbonstål i bilindustrien, seier Alex Keynes, politisk rådgjevar i T&E.

Å bytte til 40 prosent grønt stål i bilproduksjonen vil berre gjere ein elbil 57 euro dyrare i 2030, ifølge analysen fra Transport & Environment. Prisestimatet er basert på ei ny studie frå konsulentfirmaet Ricardo.

Vidare vil eit bytte til 100 prosent grønt stål innan 2040 berre koste åtte euro samanlikna med bruk av konvensjonelt stål. Den beskjedne kostnadsauken kjem av auka CO2-priser samt fallande kostnader ved produksjon av grønt stål.

Kva er grønt stål?

Jern- og stålproduksjon står for om lag sju prosent av verdas klimagassutslepp. Talet inkluderer forsyning av kraft og varme frå energisektoren. Jern- og stålproduksjon har dermed eit stort potensial for utsleppskutt.

Grønt stål og lavkarbonstål er i den omtalte rapporten definert som stål enten produsert via grønt hydrogen, direkte elektrifiseringsprosesser, eller frå resirkulert stål, fordi det kuttar utslepp samanlikna med tradisjonell produksjon.

Verdas stålproduksjon har tradisjonelt vore malmbasert, men stadig meir produksjon går føre seg med lysbueomnar og skrap, skriv selskapet Norsk Stål.

På verdsbasis er no 30 prosent av stålet produsert med den nye teknologien, medan talet er nær 50 prosent i Europa. Dersom ein i tillegg tek i bruk hydrogen i industriprosessen, kan ein redusere utsleppa ytterlegare.

Politisk regulering trengs

Europa vil ha kapasitet til å produsere opptil 172 millionar tonn lavkarbonstål i året innan 2030, ifølgje rapporten.

Dette vil vere meir enn nok til å møte den totale etterspurnaden av stål fra bilindustrien. Europeiske bilprodusentar nytta omlag 36 millionar tonn stål i 2022.

Den europeiske tenketanken meiner altså at EU bør lage ein marknad for lavkarbonstål i Europa.

Forslaget går konkret ut på å stille krav til bilprodusenter om at dei må nytte ein aukande mengde av lavkarbon stål i nye bilar frå 2030.

Mer av dette?

Meld deg på vårt nyhetsbrev
– få elbilstoff og fordeler rett inn i innboksen!

Målet kan introduserast via EU-forordningen for utrangerte kjøretøy, som for tida er til revisjon i EU.

T&E foreslår eit krav om at minst 40 prosent av stålet i nye bilar skal vere grønt innan 2030, 75 prosent i 2035 og 100 prosent i 2040.

Kravet bør vere utforma som eit gjennomsnittleg mål for bilprodusentar som skal nås for bilproduksjonen totalt. Det gjer det mogleg å absorbere startkostnaden via premiummodellar.

– Bilsektoren er den nest største forbrukaren av stål og difor godt posisjonert til å vere ein leiande marknad for grønt stål i Europa. Den relativt høge prisen på bilar, spesielt premiummerker, betyr at dei kan absorbere den kortsiktige grønne kostnaden til lavkarbonstål, seier Alex Keynes i T&E.

Få en bedre elbilhverdag!

Få Elbilforeningens ladebrikke som gir deg enkel lading i Norge og Europa, eksperthjelp på elbil og lading, supertilbud på veihjelp og mange andre attraktive medlemsfordeler.

Les også