Elbilforeningen på høyring om Nasjonal transportplan: Tre klimamål som gjev store utsleppskutt
Vi treng ei storsatsing på å elektrifisere både personbilar, varebilar og lastebilar fram mot 2030. Det var rådet frå Elbilforeningen på høyring i Stortinget.
Elbilistane hadde allereie pakka både baggasjerom og frunk stapp full og var på veg til påskefjellet, då regjeringa og samferdselsminister Jon-Ivar Nygard la fram Nasjonal transportplan for perioden 2025-2036.
Vel tilbake frå påskeutfarten er Stortinget no i gang med å handsame den 238 sider lange stortingsmeldinga. Konklusjonen kjem rett før stortingspolitikarane tek sommarferie.
Mykje handlar om drakampar og hestehandlar om kva vegstrekningar og andre samferdselsutbyggingar som skal prioriterast dei kommande åra.
Men noko av planen handlar også om elektrifisering av vegtrafikken, og difor var Elbilforeningen også til stades på høyringa i transportkomiteen på Stortinget sist veke.
– Regjeringa kjem med ei rekke tiltak for å kutte klimautslepp og redusere naturinngrep og arealbeslag, sa samferdselsministeren då planen vart lagt fram.
– Elbiltakst i bom viktig for å nå 2025-målet for personbilar
Det var i transportplanen som vart lagt fram tilbake i 2018 at ei regjering for fyrste gong la fram klimamålet om at i 2025 skal alle nye personbilar vere nullutslepp.
Og 2025-målet står ved lag i den nye planen. Så langt i 2024 er 9 av 10 nye bilar elektriske, og målet er difor innan rekkevidde.
Elbilforeningen sa under stortingshøyringa at forklaringa på den norske elbilsuksessen var sterke og langvarige virkemiddel. I tillegg til reduserte kjøpsavgifter, er miljørabatt i bom viktig for forbrukarane sine val.
Heile høyringsinnspelet til Elbilforeningen kan du lese her.
I forslaget til Nasjonal transportplan, skriv regjeringa:
«I dag kan bompengetaksten for lette nullutslippsbiler settes til maksimalt 70 pst. av ordinær takst. På sikt åpnes det for å kunne øke taksten for nullutslippspersonbiler ut over dette taket.”
Det siste åtvara Elbilforeningen mot:
– Det er viktig å halde elbiltaksten på maksimalt 70 prosent av miljøtaksten. Elbilsuksessen går ikkje utan sterke og langsiktige verkemiddel, sa Unni Berge, leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt, til stortingspolitikarane:
Bli medlem!
Få Norsk elbilforenings ladebrikke som gir deg tilgang til ladestasjoner i Norge og Europa, eksperthjelp på lading og supertilbud på veihjelp. Gjør som over 120 000 andre elbilister!
Ho viste også til undersøkinga Opinion har gjort i hovedstadsområdet, der 43 prosent av bilistane seier at redusert elbiltakst i bomringen i Oslo har «stor eller svært stor betydning» for om de vel elbil framfor bensin- eller dieselbil neste gang dei kjøper bil:
– Moderne vegprising kan bidra til 2030-målet for elektriske lastebilar
Transportplanen slår også fast målet som Stortinget vedtok i fjor: Altså at iI 2030 skal alle nye lastebiler være nullutslipp eller gå på biogass.
Regjeringa peikar på at dei største utsleppa i transportsektoren i dag kjem frå tunge køyretøy, anleggsmaskiner og frå skipsfarten.
– Vi vil ha ein tilsvarande utvikling for tunge bilar som den vi har sett for personbilar. Lastebilar som skal dekke lange strekningar må få lada undervegs og i pausane sjåføren er pålagt å ta, sa samferdselsminister Nygård.
Elektrifisering av tungbilparken er eit av dei viktigaste tiltaka for å kutte klimagassutslepp, noko Miljødirektoratet nyleg stadfesta:
– Vi vil gjere det enklare å lade, mellom anna ved å bygge ut nye kvile- og rasteplassar og legge til rette for lading på plassar som alt finst, sa samferdselsministeren.
Elbilforeningen ga regjeringa ros for at dei varslar eit nasjonalt bompengefritak for tyngre elektriske kjøretøy fram til 2030.
– Enova sine støtteordningar er også svært viktige i fyrste fase, og må ikke avviklast utan at andre virkemiddel er på plass. Elbilforeningen meiner eit kommande verkemiddel bør være moderne veiprising for kjøretøy med en kraftig miljørabatt, sa Berge under høyringa.
Ho peika på at det er et virkemiddel som kan innførast både for norske og utanlandske tyngre kjøretøy – og dermed unngå uheldig skeiv konkurranse.
– Varebilane treng både nytt mål og betre verkemiddel
I forrige Nasjonal transportplan var målet at alle lette varebilar skulle vere nullutslepp i 2025 og alle tyngre varebiler skulle vere nullutslepp i 2030.
I dag er berre 4 av 10 nye varebiler elektriske.
– Vi er sjanselause i å nå klimamålet for varebilar i 2025, men det er heller ingenting i salgstala som talar for at ein burde skilje klimamåla for lette og tunge varebilar, sa Berge og heldt fram:
– Elbilforeningen foreslår at Stortinget i handsaminga av Nasjonal transportplan lagar eit nytt klimamål for alle varebilar, både tunge og lette: I 2027 bør varebilsalet vere elektrisk.
Men målet er lite verdt dersom ein ikkje styrkar verkemiddelbruken for å nå målet, meiner Elbilforeningen, som difor tok til orde for at elektriske varebilar burde ha fritak for bompengebetaling fram til 2030, på lik linje med elektriske varebilar.